Hopp til hovedinnholdet

SN – Dei sameinte nasjonane

FN

SN er ei samanslutning av over 190 av verdas land. Men korleis oppstod organisasjonen, og kva gjer han?

Offentleg og kvalitetssikra
FN

Folkeforbundet, som vart oppretta i 1919, var forgjengaren til SN. Etter andre verdskrig var det behov for ein ny og sterkare organisasjon som kunne føre nasjonane saman. I juni 1945 møttest representantar for 51 nasjonar og skreiv under på Dei sameinte nasjonane si pakt, som tok til å gjelde 24. oktober same år. SN slik vi kjenner det i dag var etablert.

24. oktober kvart år blir SN-dagen markert, les om dagen her.

SNs mål

Alle medlemsland i SN er representerte i generalforsamlinga. For å få gjennom noko i generalforsamlinga krevst det to tredelar fleirtal.

For å få eit meir handlekraftig organ, for eksempel for raskt å kunne sette inn fredstryggande operasjonar, vart Tryggingsrådet oppretta. Det er samansett av fem faste medlemmer og ti andre plassar som går på rundgang. Dei fem faste medlemslanda er Kina, Russland, Storbritannia, Frankrike og USA, og dei har også vetorett – det vil seie at dei kan stoppe vedtak eller forslag.

SN har alltid hatt som mål å bevare fred og styrke respekten for menneskerettane. FNs menneskerettighetsrådFNs høykommissær for flyktninger (UNHCR)FNs barnefond (UNICEF) og Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) er døme på organ som jobbar for å oppnå dette.

Les meir om dei ulike SN-organisasjonane her.

Vil du vite meir, kan du gå inn på sidene til FN-sambandet i Noreg.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Spørsmål og svar

Hvorfor er det så mye krig i verden?
Hei Det siste du skriver der er veldig enkelt formulert, men også veldig godt formulert: "jeg har mange venner med forsjellig bakgrunn og meninger, ...