Hopp til hovedinnholdet

Mensen - slik er det

Bind (colourbox.com)
BIND: Vet du mer, kan du lære deg å leve godt med mensen og være godt forberedt når mensen kommer.

Har du ikkje fått mensen enno? Eller kjem han kvar månad no, regelmessig eller ikkje? Er det ok, eller er det ei plage kvar gong? Mensen vil komme i 35-40 år av livet til ei kvinne, så det er viktig å prøve å leve godt med han.

Offentleg og kvalitetssikra
Bind (colourbox.com)
BIND: Vet du mer, kan du lære deg å leve godt med mensen og være godt forberedt når mensen kommer.

Kva er mensen?

Kvar månad blir eit egg modna i ein av eggstokkane og sleppt ned gjennom eggleiaren. Livmora førebur seg også kvar månad på å ta imot eit slikt egg som er befrukta. Det skal vere gode forhold for at eit slikt egg som ev. har blitt befrukta skal feste seg og begynne å utvikle seg vidare. Dette er grunnen til at slimhinna bygger seg opp.

Når egget kjem ned til livmora utan å ha blitt befrukta, slik det som oftast gjer, vil egget bli støtt ut saman med det "reiret" som har bygd seg opp, og då blør kvinna i nokre dagar. Det er det som er menstruasjon, eller mens. Slik held det på kvar månad i mange år.

Dersom eit egg har blitt befrukta på vegen frå eggstokken til livmora, og dette egget festar seg til livmorveggen, vil kroppen begynne å produsere andre hormon som gjer at slimhinna som er bygd opp ikkje blir støtt ut som ein mens. Då har kvinna blitt gravid. Mensen vil vanlegvis vere borte under graviditeten, og først komme tilbake ei stund etter at barnet er født.

Når kjem den første mensen?

Dei fleste får sin første mens i 12-13-årsalderen, men somme får det så tidlig som i 9-årsalderen, og andre ikkje før dei er kanskje 17 år. Mensen kjem når fleire andre pubertetsteikn som auka lengdevekst, brystutvikling og vekst av kjønnshår er komne godt igang. Det er umogeleg å seie akkurat når ein kan forvente at den første mensen kjem. Kanskje kan ein få ei aning om når ein kan forvente han dersom ein spør mor si eller ei syster når dei fekk mensen, for ofte kan ein likne litt, men slett ikkje alltid. Somme har litt vondt i magen før den første mensen kjem og somme merkar at dei har meir utflod i periodar i månadene før.

Utflod

Dei fleste jenter vil merke at dei får litt utflod ei god stund før dei får mensen for første gang. Dette fortset også vidare etter at mensen er kommen igang. Utflod kan ein merke ved at det blir litt fuktigare i skjeden og dermed i trusa. Utflod er væske som blir skilt ut frå spesielle celler i slimhinnene i livmorhalsen i tillegg til ein del celler frå slimhinna i skjeden. Utflod luktar vanlegvis lite, og lukta er gjerne litt svakt syrleg. Farga på utfloda er alt frå mjølkekvit til eggekvitaktig. Somme jenter har meir utflod enn andre, og det kan også variere litt frå dag til dag. Har du fleire spørsmål om utflod, kan du finne informasjon i artikkelen Utflod - spørsmål og svar på ung.no. Her finn du også spørsmål som andre har stilt og fått svar på.

 

 

Kor lenge varar mensen og kor mykje blod kjem det?

Ein del jenter har mensen i tre dagar, andre i over ei veke. Somme blør lite og andre mykje. I gjennomsnitt brukar det å komme ut ca. ein halv desiliter menstruasjonsblod i løpet av heile perioden ein har mens. Menstruasjonsblodet er ei blanding av blod, utstøtt slimhinne og annan væske. Somme jenter som blør mykje, kan få litt låg blodprosent og litt lågt jernnivå i blodet. Då kan ein føle seg slapp og uopplagd. Dette kan sjekkast med ei blodprøve hos lækjaren. Dersom resultatet av prøva viser at ein har litt lågt jernnivå, bør ein ta jerntilskot i samråd med lækjaren. Les også spørsmål og svar om stor menstruasjonsbløding her.

Menstruasjonssyklus

Med ordet menstruasjonssyklus eller menssyklus meiner vi perioden frå ein mens til neste. Menssyklusen blir rekna frå første dag av mensen til første dag i neste mensperiode. Kor lang den tida er, varierer frå jente til jente, men som oftast dreier det seg om 25-30 dagar. Sjå meir om ordet menstruasjonssyklus i sexordlista vår. Dei første åra er det vanleg at mensen er uregelmessig, og det kan gå alt frå to veker til eit par-tre månader mellom mensenperiodane. Det er lurt å notere seg i ein kalender kvar gong mensen kjem, slik at ein blir kjent med sin eigen syklus. Då vil ein lære seg å vite når ein kan rekne med at mensen kjem, og ein kan reagere dersom han ikkje kjem som han skal. Det kan jo bl.a. skje dersom ein har blitt gravid, eller er sjuk, stressa eller har spist for lite.

 

 

Eggløysing

Eigentleg er det eggløysinga - ikkje blødinga - som er sjølve greia i menssyklusen. Eggløysinga skjer ca. 14 dagar før mensen. Somme jenter merker eggløysinga ved at utfloda kjennest meir geleaktig enn elles, og somme har litt vondt i magen eller føler seg litt stinn eller oppblåst. Det er i tida rundt eggløysinga ei befruktning primært kan skje, slik at ein blir gravid om ein har ubeskytta sex.

Kva tyder PMS?

Det er ei forkorting av det engelske “premenstrual syndrom” (ulike symptom som kan oppstå før mensen). Symptom eller plager som kan oppstå i tida før mensen skuldast aukinga av hormon som no jobbar for å førebu utstøting av slimhinna.

Veldig mange jenter kjenner seg litt i ulage nokre dagar før mensen. Ein kan få ømme bryst, vondt i hovudet, murrande smerter i mage og rygg eller kjenne seg irritert eller lei seg. (Det er ikkje sikkert at ein kan gje mensen heile skulda for dårleg humør, men hormona kan nok påverke det noko). Somme jenter kan oppleve å bli meir kreative og aktive i dagane før mensen.

Mensensmerter

På fagspråket heiter menstruasjonssmerter dysmenoré

Ein del jenter har store magesmerter eller kjenner seg trøytte og slitne dei første dagane av mensen. Somme kan kjenne seg oppblåste og ha laus mage, eller vere kvalme, medan andre kan føle at dei ikkje yter like bra som elles i for eksempel idrett. Andre har ikkje plager i det heile tatt. Smertene som somme har skuldast ei form for krampe eller samantrekking i livmora, som blir utløyst av hormon. Det blir då litt lite oksygentilførsel til den muskelen som livmora jo er, og dette kan kjennast som smerte.

 

 

For dei fleste som har mensplager vil desse vere borte etter eit par dagar. Då kan du kjenne deg ekstra kvikk og glad i staden. Om du har veldig vondt under mensen, finst det hjelp. For somme kan det hjelpe med ei varmepute mot magen. P-piller kan også minske plagene. Smertestillande medisinar som Ibux, Naproxen eller Ledox vil hjelpe mot smerter, og for somme kan det også redusere blodmengda litt. Det å vere i rørsle kan vere godt for mange. Dei som trener regelmessig har ofte litt mindre menstruasjonsplager. Du kan få hjelp hos helsestasjon for ungdom eller hos lækjaren din dersom du har store plager.

 

 

Farga

Blodet har ulik farge i starten og på slutten av mensenperioden. Dei første dagane pleier blodet å vere klart raudt. Det kan vere rennande eller komme ut i mørke klumpar. Mot slutten av mensen blir det brunaktig. Det skuldast at det siv meir langsamt då og derfor blir mørkare på veg ut.

Lukta

Mensen luktar litt annleis enn den vanlege lukta frå skjeden. Blodet inneheld jern som kan gjere at det luktar litt metallisk eller litt søtt. Blod som blir liggande lenge vil lukte meir, så det er viktig å skifte bind regelmessig. Du treng ikkje å overdrive vaskinga, men ha vanleg god hygiene med underlivsvask morgon og kveld. Evt. kan du bruke ein våtserviett for intimhygiene når du skiftar bind eller tampong.

Vanlege spørsmål om mensen

Kan ein hoppe over ein mens?

Det er mogeleg å forskyve ein mens dersom du skal noko viktig der det passar veldig dårleg å få mensen. Spør helsesyster eller lækjaren om korleis du skal gjere det. Få råd om kva du kan gjere dersom det er litt krise om mensen kjem i ferien i artikkelen her.

Kan ein ha sex når ein har mensen?

Ja, det går bra. Om du sjølv vil og har lyst. Både kjæling og samleie er mogeleg. Sjølve samleiet kan kjennast litt annleis ut enn vanleg, siden fukta i skjeden blir blanda med blod.

Kan ein trene når ein har mensen?

Du kan veldig gjerne trene, også under mensen. Det beste er å leve mest mogeleg som elles, men det er også lov å ta det litt rolig om du har veldig vondt eller blør mykje.

Bade, då?

Ja, då. Om ikkje vatnet er veldig skittent eller ekstremt kaldt. Tampong/OB er praktisk om du skal bade. Men det kan vere lurt å bytte tampongen etter at du har tatt eit bad.

Kan ein bli gravid når ein har mensen?

Ja, det kan ein. Rett før mensen og dei første dagane i mensenperioden er det mindre sjanse, men sidan eggløysinga kan komme uregelmessig – spesielt om du er ung – så kan ein bli gravid sjølv i periodar då ein trur at ein er sikker. Somme spør om tampong beskyttar mot graviditet. -Dersom du brukar tampong og de har samleie, kan tampongen bli dytta innover og ikkje ligge og tette heilt for ev. sæd fra guten.

Kan ein bli gravid før ein har fått mensen første gongen?

Ja, det kan ein. Kanskje er ein i ferd med å få den første mensen sin og har den første eggløysinga.

Kan ein bruke tampong sjølv om ein er jomfru?

Jenter har ein slimhinnefald som dannar ein krans eit par cm innanfor skjedeinngangen og markerer overgangen inn til sjølve skjeden. Opninga i skjedekransen kan variere i storleik. Skjedekransen er elastisk og kan tøyast mykje utan at slimhinna rivnar, særleg hos jenter i og etter puberteten. Når ein får mens, renn blodet frå livmora og ut gjennom den opninga som er. Oftast er opninga så stor at det fint går an å føre den minste tampongen opp i skjeden. Start med denne storleiken, slik at du venner deg til det, og så kan du nok greie å bruke ein større storleik etterkvart. Prøv deg gradvis fram. Du vil framleis vere jomfru sjølv om du har brukt tampong.

Bind eller tampong?

Om du bruker bind eller tampong for å samle opp menstruasjonsblodet, er opp til deg. Somme vel å bruke bind i starten og øver seg meir på å bruke tampong etterkvart. Somme bruker litt av kvart avhengig av situasjon og kanskje av mengda blod. Både bind og tampongar bør byttast regelmessig. Når du byter, så pakk inn det som er brukt i toalettpapir og kast det i søppelkassa. Bind og tampongar finst i ulike storleiker tilpassa mengda blod. Ofte blør ein meir i starten av kvar menstruasjon og må då bruke ein stor storleik, for så å gå over til ein mindre storleik når blødinga blir mindre. Truseinnlegg er den minste storleiken på bind og kan brukast heilt på slutten av mensen, om ein har mykje utflod somme gonger eller som ein tryggleik når ein går og ventar på at mensen skal komme.

Menskopp kan erstatte tampongar eller bind. Det er ein liten silikonkopp som ein brettar saman og fører inn i skjeden og som legg seg til rette slik at han kan samle opp mensblodet på ein trygg måte. Denne skal tømmast regelmessig, vaskast og settast inn igjen.

Korleis set ein inn ein tampong?

  • Øv deg på dette når du har god tid, er åleine og slappar av i musklane rundt skjedeopninga. Det er best å øve når du har mensen, for då sklir tampongen litt lettare inn.
  • Husk å vaske hendene.
  • Ta av plasten utanpå tampongen.
  • Du kan sitte på WC eller stå med det eine beinet på ein stol og det andre på golvet.
  • Hold i tampongen med snora ned. (Snora trekker du i når tampongen skal ut att).
  • Bruk gjerne ein spegel for å sjå om du er på rett plass. Prøv å før tampongen gjennom skjedeopninga. Dersom du får til dette, skyv han ei fingerlengd oppover. Då er han på plass.

Mange spenner seg fordi det kjennest rart og uvant. Mange kjenner at det er litt sårt også. Opninga blir ofte utvida litt etter at du har brukt tampong nokre gonger, slik at det går lettare å få han inn når du i tillegg slappar meir av.

Har DU spørsmål om MENSEN????

Har du spørsmål om mensen og får ikkje svar av venninner, mamma eller andre? Då kan du snakke med helsesyster på skulen din eller på Helsestasjon for ungdom.

Skrevet av:
Redaksjonen, ung.no
Sist oppdatert:
12.04.2018
Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Spørsmål og svar

I ca 4 dager nå har jeg hatt brun utflod, lurer på hvorfor?
Hei! Utfloden er antakelig helt uskyldig. Det kan være litt gammelt blod. Noen har litt blødning ved eggløsning og det kan passe med datoen for ...
Jeg har menssmerter når jeg ikke har mensen, hva kan det være?
Hei Tusen takk for spørsmålet ditt, jente 15 år! Jenter opplever mensen forskjellig, også menssmerter. Noen har mye smerter, andre kjenner ingen...
Spørsmål om tampongbruk
Hei 1. Tampongen kan skyves inn i en direkte retning litt på skrå bakover.  Hvis det er vanskelig å få til, kan du prøve å bruke tampongen "ta...
Hvor lenge kan man ha i en tampong?
Hei! Dette er hva o.b. anbefaler: "Du bør bytte tampong regelmessig. Hvor ofte avhenger av hvor mye du blør. De første dagene av mensen når...
Er det normal å ha brun mensen?
Hei Det er mange unge jenter som opplever brun mens/utflod, dette er helt ufarlig. Særlig om mensen er sparsom vil den være brunlig. Det kan varie...
Får av og til vondt i klitoris.
Hei jente 13 år. Takk for at du skriver til Ung.no!Du forteller at du onanerer og at du av og til får vondt i "det lille hodet" i underlivet når du...
Jeg har kraftig PMS 1-2 uker før mensen, jeg blir deprimert, får humørsvingninger, svetter og fryser, mister matlysten og blir veldig irritert. Kan det være PMDD?
Hei, og takk for at du skriver til ung.no!​   Huff, dette høres ikke noe greit ut. Jeg synes det er en god ide å snakke med helsesøster om d...
Mensblodet mitt er svart, er det farlig? 
Hei jente 14 år Takk for at du skriver til oss i Ung.no. Jeg kan berolige deg med at det er helt normalt og ufarlig om mensblodet ditt er svart på...
Diare når man har mensen
Hei Ja mange opplever at de er løsere i avføringen når de har mensen. Det er et hormon som heter prostaglandin, som kroppen produserer når du har...
Er det normalt å ha menssmerter en uke før menstruasjon?
Hei Takk for at du skriver til Ung.no.   Dessverre er menstruasjonssmerter og kramper en del av livet for mange kvinner både før og under mensen...
Jeg lurte på om det er noen tegn før man får mens?
Hei! Veldig mange jenter kjenner seg litt i ulage noen dager før mensen. De kan få ømme bryster, vondt i hodet eller kjenne seg irriterte eller l...
Hvor lenge varer en menstruasjon?
Hei! Det varierer noe fra jente til jente hvor lenge en menstruasjon varer hver gang. Noen har 3-4 dager og noen har kanskje 7-8 dager. Man pleie...
Er det farlig å sove med tampong i 12 timer?
Hei Mest sannsynlig er det ikke farlig, men jeg vil ikke anbefale deg å sove med tampong i 12 timer. Hva med å ha klokken på ring etter 8 timer fo...
Hva er dødelig dose for Ibux/paracet.
Hei takk for atdu kontakter Ung.no Paracet (paracetamol) Grensen for inntak med fare for akutt leverskade 175mg/kg for barn. Det vil for eksempel si...
Blødning etter samleie
Hei Du skal ikke engste deg. Mest sannsynlig er dette helt ufarlig. Årsakene til slike blødninger kan være mange, men skyldes i de fleste tilfelle...
Lurer på hvorfor jeg får vondt i ryggen når jeg har mensen
Hei! Hva skyldes menstruasjonssmerter? Menstruasjonssmerter skyldes at det dannes prostaglandiner i livmoren ved menstruasjon. Prostaglandiner er ...
Jeg blør utrolig mye når jeg har mensen, og må gå med nattbind om dagen
Hei Noen jenter har veldig store blødninger.  Det er jo slitsomt, slik du beskriver, og i tillegg så kan man få litt lav blodprosent og lavt jern...
Vokser man ikke mer i høyden etter at man har fått mensen?
Hei De fleste jenter vokser mer i høyden etter at de har fått mensen.  I gjennomsnitt vokser jenter 8-10 cm i lengden etter at de har fått mensen...
Er det vanlig å ha mensen i over 2 uker?
Hei Det kan være utrolig skummelt når mensen ikke gir seg. Det er ikke uvanlig at dette skjer, og særlig hos yngre jenter som ikke har hatt mensen...
Se alle