Hopp til hovedinnholdet

Har eg rett til og bestemme hvilken vgs eg skal gå på og hvor i landet eg skal gå?

Gutt 15 år
 

Spørsmål

Hei, eg har et veldig nært forhold til sjøen. Har lyst til og gå på et skoleskip i stavanger (vgs) men eg bor på voss i fosterhjem. Barnevernet, besteforeldre og fosterforeldrene mine hadde møtte om eg skulle gå på skole i Stavanger! Mine besteforeldre ønsket at eg skulle gå der, men det det ønsket ikke mine fosterforeldre. Det ble avgjort at eg ikke fikk lov og gå på skole der... siden eg var alt for umoden og det var samme linje på voss. Men på voss er det ikke på sjøen :( eg har vurdert og ta kontakt med advokat, men har eg rett til og bestemme hvilken vgs eg skal gå på og hvor i landet eg skal gå? Skoleskipet heter gann

Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei

Du har ikkje rett til å bestemme heilt sjølv at du skal ta vidaregåande skule på skuleskipet Gann i Stavanger.

 På vidaregåande kan du bestemme sjølv kva skule og utdanningsprogram du vil søkje på. Du har rett til plass på eitt av tre utdanningsprogram som du søkjer på. Det er fylkeskommunen som skal sørgje for at du får skuleplass, og vanlegvis kan fylkeskommunen gje deg plass på eit utdanningsprogram som du ønskjer i det fylket der du bur.  Da har du ikkje rett på plass i eit anna fylke. Det er òg nokre få skular som tek inn elevar frå heile landet.

 Vi har sett på heimesida til skuleskipet Gann. Det er ein privat skule som tek inn elevar frå heile landet. Likevel er det ikkje slik at du har rett til å gå på akkurat den skulen. Vanlege vidaregåande skular er gratis. Gann tar skulepengar, og det kostar òg å bu på båten. Om du ikkje har eigne pengar, må barnevernet eller fosterforeldra dine må vere villege til å betale pengane, eller skrive under på søknad så du kan få lån i Lånekassa. Om du har eigne pengar, må den som er verje for deg gje deg lov til å bruke av pengane.

 Sjølv om du kan velje utdanningsprogram og skule (innanfor fylket du bur i) sjølv, kan du ikkje bestemme sjølv kor du skal bu før du er 18 år. Det er det barnevernet og fosterforeldra dine som gjer. Du kan til dømes ikkje leige hybel eller ta opp lån i Lånekassa utan at dei tillèt deg å gjere det.

 Barnevernet og fosterforeldra dine skal høyre på kva du meiner om personlege saker. Dei skal høyre kva du har å seie om saka og leggje vekt på meiningane dine. Når dei bestemmer over deg, skal dei alltid kunne seie korleis dei har tatt omsyn til meiningane dine. Dei skal òg kunne gje deg ein grunn for kvifor det ikkje kunne bli slik du ynskte.

 Du er 15 år nå, så vi trur du skal søkje om plass på VG1 neste år. På heimesida til skuleskipet Gann ser vi at dei òg tek inn elevar til VG2. Kanskje du kan føreslå for fosterforeldra dine og barnevernet at du går VG1 på Voss, men at du kan gå resten av vidaregåande på skuleskipet Gann, viss du får plass der? Kanskje de kan verte einige om korleis du kan vise at du er moden nok til å flytte til Stavanger når du skal begynne på VG2? Vi trur òg det er lurt at du tar opp dette med rådgjevaren på skulen (både ungdomsskulen og den vidaregåande skulen som du får plass på hausten 2014). Viss ikkje du får gå på skule i Stavanger, kan det hende det finnes eit tilbod i Hordaland som passer deg betre enn det du kan få på Voss.

Vi ynskjer deg lykke til med vidaregåande skule, og håper du får ein skuleplass nær sjøen slik at du kan få jobb på sjøen når du er ferdig.

Hilsen oss i Barneombudet. Les mer på barneombudet.no

Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Barnevern
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om barnevern