Hopp til hovedinnholdet

Er det normalt å bli trøtt og slapp av snus?

Jente 14 år
 

Spørsmål

Hei, byrja og bruke snus for ikkje lenge sidan. Eg er snart ferdig med min første boks og eg får ei veldig rar virkning, eg har søkt det opp men finn ikkje lignande tilfeller. Etter ganske kort tid med snus under leppa, kjenner eg at eg blir veldig trøtt. Trøttare og trøttare, og ein følelse litt som og ver brisen. Eg blir småkvalm (veit dette er vanleg). Snusen er då veldig avslappande, men er det normalt og bli trøtt og slapp? Etter og ha tatt den ut (etter ca ein time) går trøttleiken bort etter ca 20 minutt. Det har vert slik kver gong, kjem det alltid til og ver sånn? Eg er ikkje sikker om eg kjem til og bli fast snus-brukar. Men.. Kvifor blir eg trøtt? Når sluttar eg og reagere slik på snus? Er det berre i starten? Eg brukar skruf slim fresh white. Vennane mine seier dei aldri har reagert slik. Eg får ikkje vondt i hovudet eller noko, men blir berre veldig trøtt og slapp i det eg har den i. Musklane blir liksom veldig svake. Eg har ein hypotese om at det kan vere pga eg tar nikotinet lettare opp i kroppen enn andre. Eg er ganske tynn, er ca 1.60 og veg 47 kg. Eg har og jern/blod mangel. Ellers røykjar eg litt, men eg pleier aldri reagere på røyk på nokon som helst måte. Har heller aldri gjort det.

Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei


Du fortel at blir trøtt og slapp kvar gong du snuser, og du undrar på om det er normalt. Eg vil ikkje seie at det er eit vanleg symptom på snusing, men når det skjer kvar gong du snuser, er det sannsynleg at dette er ein måte kroppen din reagerer på nikotinen i snusen. Det er ikkje unormalt å bli uvell av nikotinet i snusen, dette er eit giftstoff som kroppen ofte reagerer på med forgiftningssymptom: Vanlege symptom er kvalme, uvellheit, svimmelheit. Kan hende er din reaksjon ein form for uvellheit.

Ettersom kroppen blir vande med nikotin, vil forgiftningssymptoma bli borte. Nikotin er derimot eit svært avhengigheitsdannande stoff. Korleis vil det vere for deg å verte avhengig av nikotin?


Hilsen Røyketelefonen 800 400 85

Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Tobakk
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om tobakk