Hopp til hovedinnholdet

Kvifor selg butikane tobakk nor det er farlegt?

Jente 13 år
 

Spørsmål

Kvifor selg butikane tobakk nor det er farlegt?

Dette spørsmålet og svaret er mer enn ett år gammelt. Endringer i lovverk og regelverk kan ha skjedd etter den tid.
 

Svar
Hei

Det er eit godt spørsmål du stiller! Helsemyndigheitene arbeidar med fleire ulike verkemiddel for å redusere tobakksbruk. Blant anna så blei all tobakksreklame forbydd i 1975. I 2004 vart røykfrie serveringsstader innført. Det er 18-års aldersgrense på kjøp av tobakk. På grunn av den store helserisikoen og faren for avhengigheit ved bruk av tobakk, vurderer ein å auke aldersgrensa til 20 år. Myndigheitene ser også på moglege innskrenkingar av stader  som sel tobakk. Det handlar til dømes om å gjere tobakken mindre synleg ved å ha den under disken eller å leggje sal av tobakk berre til daglegvareutsal som seljer alkohol. Dette er fordi det er ein samanheng mellom tilgjengelegheit og bruk, og fordi daglegvarehandelen har røynsle med å etterleve aldersgrensa for sal av alkohol. Du kan lese meir om dette på www.tobakk.no.

Norsk lovgiving inneheld per i dag inga lov som ein kan bruke til å forby tobakk. Et slikt forbod må i så fall bli vedteke på vanleg vis i Stortinget. Det er fleire omstende som kompliserer denne saka. Blant anna vil det vere ei utfordring med alle som per dags dato er avhengig av nikotin. Man ynskjer ikkje å kriminalisere desse, noe eit forbod ville medføre. Det er altså mange omsyn å ta. Så langt jobbar difor helsemyndigheitene for å minske bruk. Dette gjer ein med å informere om farane ved å bruke tobakk, hjelpe dei som ynskje å slutte og gjere det meir vanskeleg for unge å kjøpe tobakk, gjennom aldersgrenser og høge prisar.


Hilsen Røyketelefonen 800 400 85

Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner


Tilbake til spørsmål og svar om Tobakk
Tilbake til spørsmål og svar
Les artikler om tobakk