Hopp til hovedinnholdet

Samekofte

samekofte
Samekofte

Samedrakt eller samekofte er norske namn på den samiske folkedrakta som vert nytta over heile Nordkalotten. På nordsamisk vert ho kalla gákti, på sørsamisk gåptoe og på lulesamisk gáppte.

Offentlig og kvalitetssikret
samekofte
Samekofte

Hovedsnittet og fasongen er stort sett lik over heile det samiske området, men fargar og dekor på kofter og luer varierer mykje frå distrikt til distrikt. Til ein viss grad følgjer draktvariantane dei samiske dialektgrensene.

Samedrakta består av kofte med lange ermer, som blir bore med belte. Mannskofta er stuttare enn kvinnekofta. Luvene er svært ulike for menn og kvinner.

Symbolsk dekor

Opprinneleg vart koftene sydde i skinn, men i dag brukar ein ullstoff eller bomull. Kofte og luve blir dekorert med band, blonder, tinntrådbroderi, kråkesylv og skinn. Dekoren kan vise religion, kvar ein høyrer til, kva for famile ein høyrer til og om ein er gift eller ugift. Somme stader ber ein søljer og sjal av ull eller silke.

Tidlegare vart samedrakta brukt dagleg, men no til dags er ho mest brukt til fest eller ved spesielle høve.

Les meir om den samiske festdrakta hos NDLA.

Var dette til hjelp?
Var dette til hjelp?

Kommentarer fra brukere Kommentarer


Du må fylle inn både navn og tekst for å sende inn skjemaet.

Legg inn en melding!

Obs! Ung.no svarer IKKE på spørsmål i kommentarfeltet. Send inn spørsmål på ung.no/oss

(HTML-tagger fjernes)
hala
1
31.05.2017 15:29:09
kan dere snkke mer om kulturen til samene

Spørsmål og svar

Når kan man bruke samedrakt?
Hei og takk for at du skriver til ung.no.   Selvfølgelig kan din mor bruke samedrakt eller kofte! Hun har full rett til å bruke den drakten med s...